ENT3R realfagstrening

Realfagstrening og motivasjon til å velje realfag

Pensum og innhald i faga endrast med nye læreplanar, og det er ikkje alltid det enklaste å vere mamma eller pappa og lærar samstundes. Det kan vere ein fordel at andre hjelper til med leksene. Ein som er nærmare i alder og med ein heilt annan rolle enn den foreldre har.

I ENT3R får elevane hjelp til lekser i realfag av studentar som studerer realfaglege utdanningar. Undervisninga skjer i mindre grupper, med studentar som har fått undervisningsopplæring og som har tid til kvar enkelt elev.

ENT3R er for elevar i 10.klasse og på vidaregåande skule, og studentane møter elevane kvar veke for å hjelpe med lekser i realfag.

ENT3R er eit rekrutteringstiltak for å få fleire elevar til å velje realfag. Gjennom ENT3R skal ungdom få eit meir positivt forhold til realfag og bli motiverte til vidare studiar innan realfag.

Tilbodet vert driven av Nasjonalt senter for realfagsrekruttering og er eit nasjonalt tilbod som er gratis for elevane.

Les meir om ENT3R og finn din nærmaste campus her >