Kvifor er det lurt for elevane å velje realfag?

Realfag gir ein solid grunnkompetanse og det beste utgangspunktet for å tilpasse seg ein arbeidsmarknad i endring.

Framtida veit vi ikkje så mykje om, men dagens analysar av den framtidige jobbmarknaden antyder at hovuddelen av dei framtidige jobbane ikkje eksisterer i dag. Vi veit derfor ikkje kva slags jobbar som vil eksistere om 20 eller 40 år, og kva kompetanse dei jobbane krev. Derfor er det viktig å gi dei unge en god grunnkompetanse og evne til omstilling og livslang læring. Samstundes så veit vi at teknologi vil vere ein essensiell del av kvardagen også i framtida, og behovet for realfagkunnskap vil auke. Realfag er ein samlebetegnelse for ei rekkje fag som matematikk, fysikk, kjemi, biologi, astronomi, geologi og informasjonsteknologi. Felles for realfaga er at dei kjem til å inngå i mange av løysingane på samfunnet sine utfordringar, også i framtida.

Kvifor er kunnskap om realfag viktig?

Realfaga er viktige berebjelkar i kunnskapen vi menneske treng for å forstå og interagere med omverda. Verda blir meir og meir avhengig av teknologi, og vi nytter teknologi i dei fleste yrke. Det å ha realfagleg bakgrunn frå grunnskule og vidaregåande er verdifull kunnskap for alle å ha med seg vidare i livet. Ein realfagleg vidareutdanning gir også ein allsidig og brei kompetanse, med mange jobbmoglegheiter innanfor ulike yrke og sektorar.

Mange tenkjer kanskje at det berre er dei flinkaste i matematikk som lykkast med realfag, men slik er det ikkje. Vi snakkar med mange elevar som seier at dei grudde seg til realfaga i vidaregåande skule eller på studiet, men at det slett ikkje var så vanskeleg som dei frykta. Følg opp barnet ditt og motiver han/ho til å jobbe målretta, realfaga krev ein viss innsats – men det er viktig å presisere at motivasjon er viktigare enn talent for å lykkast. Og dersom barnet ditt helst vil gå yrkesfag, så hugs at dersom han/ho skulle ønskje å ta høgare utdanning seinare, så er det fullt mogleg. Fleire aktørar i industri og næringslivet etterspør nettopp ingeniørar med yrkesfagleg bakgrunn. Dei har ein verdifull praktisk kunnskap som kombinert med realfagleg utdanning gir dei ein særeigen kompetanse. Sjå den visuelle oversikta over ulike vegar til høgare utdanning i realfag og teknologi.

Det viktigaste er at det er eleven sjølv som vel utdanningsprogram, fag og høgare utdanning. Det er ingenting som slår den indre motivasjonen når ein skal velje utdanning. Som forelder er det beste bidraget å involvere seg i barnet og bidra til å auke kjennskap til ulike studiar og yrke, slik at barnet ditt tek eit val som er mest mogleg riktig for seg sjølv. Er du sjølv usikker på kva ingeniørar, teknologar, fysikarar eller geologar jobbar med? Sjekk ut rollemodellane og realfagsyrkene, det kan bidra til meir kunnskap om kva realfaga brukast til, for mange er det motiverande i seg sjølv.