Jenter og realfag

Jentefag og gutefag?

I dag er det fleire jenter enn gutar som tek høgare utdanning, men det er framleis slik at jenter i stor grad vel pedagogiske fag, helse- og sosialfag, mens gutane gjerne vel naturvitskaplege og teknologiske fag.

Samanlikna med andre land har Noreg ein kjønnsdelt utdannings- og arbeidsmarknad og vi har ikkje klart å fjerne merkelappane med «typiske gutefag/-yrke» og «typiske jentefag/-yrke», og heng dermed feminine og maskuline merkelappar på utdanningar og fag. Dette i seg sjølv ser ut til å bidra til ein reproduksjon av ein kjønnsdelt arbeidsmarknad.

Meistring for begge kjønn

Trass i denne reproduksjonen viser nasjonale prøver og forsking frå inn- og utland at gutar og jenter har like føresetnader og er like flinke i desse faga. Men det er ein tendens at jenter stiller strengare krav til seg sjølve og sine eigne resultat enn gutar, og dermed også vel vekk det dei er usikre på om dei meistrar.

Vi ønskjer å bevisstgjere ungdommane, og særleg jentene, om at dei har det som skal til for å meistre realfag – det handlar ikkje om kjønn. Det er behov for både gutar og jenter med realfagleg bakgrunn i framtidas arbeidsliv.

Hjelp ungdommen din til å velje riktig gjennom å vere nysgjerrig på kva ho/han liker og interesserar seg for – hjelp dei å sjå alle alternativa som finst der ute! Bruk velgriktig og ressursane som ligg her til å auke kunnskapen om realfaglege og teknologiske utdanningar og yrke.