Utdanningsvalg

Faget «Utdanningsval» på ungdomskulen

Utdanningsval er eit fag i ungdomsskulen der elevane får prøve ut eigne interesser, blir bevisst eigne evner, og får betre innsikt i arbeidslivet og krav til utdanning. Føremålet med faget er å gi elevane valkompetanse og gjere dei i stand til å ta betre og meir kunnskapsbaserte utdannings- og yrkesval. Faget er obligatorisk og elevane får sluttvurderinga deltatt eller ikkje deltatt.

Allereie på ungdomsskulen begynner prosessen med utdanningsval der elevane skal velje og søkje utdanningsprogram ved vidaregåande skule. Dette skjer i ein alder der mange synest det er vanskeleg å vite kva dei vil bli. Velgriktig.no brukast ofte som ein ressurs i Utdanningsval-faget. Her kan elevane gjere seg kjent med yrke innan realfag og teknologi, lese om realfaga i vidaregåande skule og spesielle fagkrav. Utdanningstesten på velgriktig.no gir elevane innsikt i eigen personlegdom og læringsstil, og forslag på realfags- og teknologiyrke som kan passe for seg. Det er også utvikla eit eige undervisningsopplegg tilhøyrande Utdanningstesten

Rollemodell.no gir skulane ein moglegheit til å invitere ein rollemodell til skulebesøk for å fortelje om seg sjølv og sine val. Alle rollemodellane har studert og jobbar innanfor realfag og teknologi. Ordninga er gratis.

Du kan lese meir om læreplanen i Utdanningsval på Utdanningsdirektoratet sine sider.