Utdanningstesten

Utdanningstesten er utvikla for å vise ungdom moglegheitene som finst innanfor realfag og teknologi, og er delt inn i fire delar som også sluttresultatet seier noko om; personlegdomsstil, yrkesinteresser, læringsstil og faginteresser.

Testen viser eit mangfald av realfagsyrke som passar ulike typar menneske. Med denne testen håpar vi at unge blir inspirert til å velje realfag i vidaregåande skule og i høgare utdanning. Testen viser moglegheitene innan realfag og teknologi og har som mål gi ungdom eit best mogleg informasjonsgrunnlag til å ta gode utdanningsval.

Testen er utvikla for Nasjonalt senter for realfagsrekruttering og er basert på psykolog dr. Helge Brovolds forsking.

Ta testen her >