Ui T Bærekraft VR

Morgondagens ingeniør

Hedvig var lei av å høyre om klimakrisa utan å gjere noko med ho. Som berekraftig ingeniør håpar ho å gjere verda litt meir berekraftig.

“Sjå her. Her ser du solcellepanel som fangar opp solenergi, seier Hedvig Draleke (21) frå Bærum som studerer ingeniør i berekraftig teknologi ved UiT.”
Ui T hedvig

På taket av Universitetet i Tromsø er ho omringa av solcellepanel på alle kantar.

Her blir det produsert store mengder straum – faktisk like mykje som i heile Nord-Tyskland. I motsetning til kva ein kanskje skulle tru, er verken snø, kulde eller mørke til hinder for at det blir produsert straum. Snarare tvert imot.

- Mange tenkjer kanskje på tropiske stader og varme når dei høyrer om solceller, men vinter og kulde er faktisk en fordel for solcellene, fordi snøen reflekterer meir av sollyset og fordi det er mindre varmetap på solcellene i kulda, forklarer Hedvig.

Bæreakraft Ui T3

Grøn energi, industri og teknologi

Som student i berekraftig teknologi vil ho lære meir om både solcellepanel, vindkraft og vasskraft, men studiet er ikkje berre avgrensa til fornybar energi.

Ingeniøryrket handlar òg om materialar og verktøy, og å finne miljøvenlege og samfunnsnyttige produkt og løysingar til morgondagens utfordringar.

- Vi får moglegheit til å skape nye løysingar innan både bygg, industri, transport og energi. Vi lærer både om påverkinga energien har på miljøet og levetida og risiko knytt til ny teknologi. Det er eit heilskapleg og berekraftig perspektiv som passar for ein jobb i mange slags bransjar, uavhengig av kva for ein jobb vi får etterpå, seier Hedvig.

Skjøna ikkje kva matte kunne brukast til

For å kome inn på studiet i berekraftig teknologi treng ein realfag frå vidaregåande. Hedvig har ikkje alltid vore så begeistra for matte, men har fått igjen gleda for faget no som ho ser kva det kan brukast til.

“Eg likte matte veldig godt da eg var lita, men syntest matte vart vanskeleg på vidaregåande. Men da eg begynte å studere syntest eg matte vart morosamt. Det vart meir visuelt og eg forstod kvifor eg trong matte til å gjere berekningar og løyse praktiske utfordringar som ingeniør, seier Hedvig.”
Ui T bærakraft2

I studiekvardagen på UiT har ho innleveringar i matte og fysikk kvar veke.

“Vi har små klasser og ei bra oppfylging, noko som gjer at vi aldri må ta store skippertak eller hamnar for langt bakpå. Vi lærer litt heile tida, seier ho.”

Fornybar framtid

Ingeniøryrket gjev moglegheit til å jobbe innan mange ulike bransjar, anten det er bygg, transport, energi eller industri. For Hedvig er det berekraftige perspektivet viktigast.

- I dag har vi eit overforbruk av straum, og da er det viktig av vi kjem opp med nye løysingar. Derfor ønskjer eg å bidra til ei fornybar framtid, seier ho.