Ui T romfysikk2

Verdsrommet ventar

Romvêr, kosmisk støv, radarteknologi og satellittbanar. Kva i all verda er romfysikk?

“Det er kjempegøy å vere her oppe! Her er vi i sjølve hjartet av romforskinga, seier Silje Moe Sagstuen (28), som studerer romfysikk på fjerde år ved UiT.”

Ho er omringa av radarar og satellittar som bevegar seg og kommuniserer ut i verdsrommet. Fordi ho studerer romfysikk, har ho fått ein deltidsjobb på Kongsberg Satellite Services i Tromsø, som er ein verdsleiande leverandør av satellittdata.

Romforsking og rakettoppskyting

Dei siste åra har Nord-Noreg blitt ein hotspot for romforsking. Takka vere at Noreg ligg så langt mot nord kan vi sende satellittar i polare banar rundt jorda og studere fenomen som nordlys og nattskyer som berre kan bli observert på høge breiddegradar.

– Du skulle kanskje ikkje tru det, men Noreg og spesielt Nord-Noreg har eit veldig godt miljø for romforsking. Vi har forskingsstasjonar på Svalbard, Tromsø, Andøya og Narvik, seier Dabrowka Knach (22), som studerer romforsking ved UiT.

Brukar satellittar til å overvake klima

På studiet i romfysikk lærer ho om rakettar, radarar og satellittar for å studere nordlyset og andre fenomen i atmosfæren og det nære verdsrommet.

Informasjonen frå satellittane der gjev viktig kunnskap om planeten vår, som varsling av vêr, deteksjon av havis i Arktis, for å finne oljesøl i havet og oppdage ulovleg fiske.

I tillegg brukar vi satellittar til å ringe, sjå på TV, eller navigere med GPS på telefonen.

– Vi brukar dataa til å forstå relasjonen jorda har til verdsrommet. Vi lærer om atmosfæren, noko vi til dømes kan bruke til klimaforsking, seier Dabrowka.

Ui T romfysikk

Vegen til verdsrommet går gjennom realfag

Både Dabrowka og Silje elskar å lære om alle dei fascinerande fenomena som skjuler seg i verdsrommet, anten det er romvêr, kosmisk støv, radarteknologi og satellittbanar.

Men for å kome dit har realfag vore heilt nødvendig. Dabrowka valde realfag på vidaregåande, med Silje tok opp fag etterpå for å kome inn på studiet i romfysikk.

– Eg har alltid vore oppteken av dei uløyste gåtene i universet. Med matte og fysikk lærer eg meg å forstå prosessane i atmosfæren og korleis ting heng saman, seier Silje.

Etter endt studie ventar eit breitt spekter av jobbmogelegheiter, anten ein vil jobbe med rakett- og romforsking, teknologi og innovasjon, eller utvikle system og appar.

– Draumen min er å kome inn på graduate-programmet i European Space Agency saman med unge romforskarar. Men uansett om det blir det eller noko heilt anna, veit eg at eg vil jobbe med noko relatert til romfysikk. Det er uendeleg mange mogelegheiter, anten ein vil vere i Noreg eller internasjonalt. Med stadig meir forsking på verdsrommet og rask utvikling av ny teknologi, er romfysikk eit studium som garantert vil gje jobb i framtida, seier Dabrowka.