Utan å kunne eit einaste ord norsk fekk Emma jobb i Noreg. Fordi ho kan kode kan ho få jobb i heile verda.
– Eg snakka ikkje eit ord norsk før eg flytta til Noreg. Som programvare-ingeniør så treng du ikkje å kunne eit spesifikt språk – bortsett frå det du kodar i, seier Emma (26).
Ho jobbar som programvareutviklar for det globale IT-selskapet Cisco. Der utviklar ho programvare til videokonferanse-utstyret Cisco Webex.
Med peiling på koding og matte fekk ho fort jobb. Det er ikkje så rart. STEM-faga (Science, Technology, Engineering og Mathematics) blir regna som nokon av dei viktigaste i framtidas arbeidsmarknad.
Emma (26) jobbar med koding og lagar video-appar hos Cisco
Emma var redd for datamaskinar og hata matte. No jobbar ho som programvareutviklar hos IT-selskapet Cisco.
REDD FOR DATAMASKINAR
For Emma var det ikkje ei sjølvfølgje at det var realfag og teknologi ho skulle jobbe med når ho vart stor. Og kanskje spesielt ikkje innan teknologi. Da Emma var yngre var ho nemleg litt redd for datamaskinar!
– Men eg fekk litt interesse for det da eg kom litt meir inn i det praktiske i matten, og lærte om alle tinga du kan gjere med programmering. Matte er jo overalt, og du kan ikkje gå ein dag utan å sjå det: i alle appane på telefonen din og på alle nettstadane på datamaskinen din, seier ho.


Emma kom med andre ord over frykta for datamaskinar. Etter kvart studerte ho til å bli ingeniør i Paris, og valde å spesialisere seg i informatikk og anvendt matematikk. Gjennom studia lærte ho om programvareutvikling, og i dag er ho altså programvareutviklar på heiltid.
“Matte er overalt, og du kan ikkje gå ein dag utan å sjå det: i alle appane på telefonen din og på datamaskinen din.”
BLIR MOTIVERT AV Å HJELPE ANDRE
Emma forklarar at programvare er det som er inne i einingar som mobiltelefonar og datamaskinar, som bestemmer korleis dei skal “oppføre seg”. Hos Cisco jobbar Emma med å leggje til rette korleis videosamtalar skal startast opp og køyrast, til dømes kva som skjer når du ringer nokon.

Nyleg utvikla ho ein funksjon som gjer at ein kan rekkje opp handa eller uttrykkje applaus under eit videomøte.
– Når du utviklar noko og ser andre menneske bruke det du har laga, er det useieleg tilfredsstillande. Å vere med på å skape noko nytt er supermotiverande.