Skjermbilde 2021 03 18 kl 09 47 43

Sigrid (23) studerer til å bli meteorolog på UiB

Kjem vi til å oppleve ei verd utan Arktis? Kor mykje stig havet? Kor mykje CO2 tek det opp? Det er spørsmål Sigrid leitar etter svar på.

Vêr, vind og hav påverkar livet på jorda. Derfor er kunnskap om klima viktig.

Sigrid (23) valde bachelorgraden i Klima, atmosfære- og havfysikk på Universitetet i Bergen for å forstå naturkreftene og føresjå korleis klimaet og vêret kjem til å forandre seg i framtida.

– Eg har hatt lyst til å bli meteorolog sidan eg var 12 år gamal. Så dette er ein barndomsdraum som går i oppfylling, seier Sigrid, som er fornøgd med valet av både studieprogram og Bergen som studieby.

Sigrid (23) skal bli meteorolog

Visste du at sopelimen til Harry Potter er oppkalla etter ei sky? Møt Sigrid som brukar realfag til å tolke vêr og klima.

Å FORSTÅ NOKO IKKJE ALLE GJER

Med ei slik utdanning har ein mange moglegheiter. Ein kan gå vidare med master i meteorologi, energi eller oseanografi, som er læra om havet. Etterpå kan ein jobbe i alt frå energiselskap til å bli forskar, konsulent eller jobbe i det offentlege.

Matte og fysikk er ein viktig del av studiet og skapar sjølve grunnlaget for meteorologi og geofysikk. Sjølv om det til tider kan vere krevjande, er det òg meistringskjensle når ein får det til. Dessutan blir det meir motiverande når ein veit kva ein kan bruke matten til, meiner Sigrid.

Untitled 1 8 1
MAGISKE SKYER: Sigrid peikar på skya "Cumuonlimbus". Nimbus betyr regn og er òg namnet på sopelimen til Harry Potter.

SKYER + SIGRID= SANT

– Eg har aldri synst realfag har vore lett, men det har vore interessant og eg elskar utfordringar. Den beste kjensla er å forstå noko ikkje alle andre skjønar, seier Sigrid.

Skyene seier mykje om korleis framtidas vêr og klimaforhold kjem til å sjå ut. Sigrid er spesielt interessert i korleis skyer og klimaendringar heng saman.

– Eg er veldig glad i skyer. Men dei kan vere ganske uføreseielege å tolke, fordi ein aldri veit kva for ein storleik dei kjem til å bli.

“Når ein lærer seg å skjøne realfagen bak vêrfenomena opnar det seg ei ny verd.”
Untitled 2 28 1
PÅ TAKET: Sigrid står på taket av Geofysisk institutt. Derfrå har ho utsikt over heile Bergen.

MAGI OG METEOROLOGI

På toppen av Geofysisk institutt på Universitetet i Bergen kjenner ho igjen skyer i alle slags former og fasongar. Ei av dei heiter "Cumunolimbus" og deler namn med sopelimen til Harry Potter.

– Den eigenlege magien i meteorologi er all matten og fysikken. Når ein lærer seg å skjøne realfagen bak vêrfenomena opnar det seg ei ny verd, seier Sigrid som ofte brukar vêrmodellane for å tolke vêret.

– Ingen veit kva som skjer med klimaet i framtida, men ved å bruke vêrmodellane våre kan vi modellere korleis verda kjem til å sjå ut framover og korleis klimaet kjem til å bli, forklarar ho.

Relatert